Det såg ei stund mørkt ut for 10. klassen som i fleire år har spart til klasseturen til Italia. Norwegian-streiken såg ut til å spolere flyturen deira.

Dei hadde spara i fleire år, og kontaktlærar Audun Rørstad sa til smp.no tysdag at det dreia seg om rundt 100.000 kroner i førehandsbetalte hotellopphald og utfluktar med buss som kunne gå tapt.

Les også: Elever kan tape 100.000 på flystreik

Buss til Gardermoen

Onsdag kveld satte dei forhåpningsfulle elevane seg på bussen til Gardermoen, og satsa på at dei fekk ta eit fly torsdag morgon.

Og det fekk dei. Tiandeklassen sit no på flyet, og etter litt ventetid på ein hektisk streikeramma flyplass tok flyet av 09.49.

— Det lettar snart, så eg må nok slå av telefonen, sa kontaktlærar Audun Rørstad til smp.no like før kl 9.

Og det er ein glad gjeng elevar som endeleg får klasseturen dei har venta på.