Det er kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner som i ei pressemelding opplysar at Norges mest attraktive by skal kårast.

Prisen har fått namnet «Attraktiv by: Statens pris for bærekraftig by- og stedsutvikling.»

Nominasjonar kan alle gjere, ved å gå inn på nettsida til konkurransen.

Foreløpig er Fosnavåg, Ulsteinvik og Ålesund dei nominerte på Sunnmøre.

Molde og Kristiansund er også nominert. Nominasjonane kan du sjå her.

90 prosent bur i by

For 150 år sidan budde berre 20 prosent av befolkninga i byar og tettstadar. I dag bur nesten 90 prosent av alle nordmenn i byar og byregionar.

Ifølgje Sanner skal prisen vise oss noko av det beste innan byutvikling, og den skal inspirere til vidare positiv utvikling.

«Attraktiv by» skal belønne planlegging og utvikling av byar som er bærekraftige økonomisk, sosialt og miljømessig.

Prisen rettar seg mot små, mellomstore og store byar. Det er ikkje eit kriterium at staden har bystatus, men at ein kan vise til resultatar i form av bymessige kvalitetar. Prisen delast ut til ein bestemt by, eit mindre område innad i byen, eller eit samarbeidsprosjekt mellom by og omland som fremjar bærekraftig utvikling, heiter det i pressemeldinga.