Fyllingen Slipp legg ned drifta i løpet av året, fortel eigar og dagleg leiar Gunnar Hestholm til Sulaposten.

Verftet har 11 tilsette, medrekna eigar og dagleg leiar. Ifølgje Hestholm er oppseiingar sendt ut, men endeleg dato for avvikling er ikkje bestemt.

— Vi veit ikkje kva vi skal gjere med anlegget endå. Det er ingen som står klar til å overta, seier Hestholm fredag.

Han legg til at dei har økonomisk handlingsrom til å ta seg god tid og ikkje ta ei forhasta avgjerd.

Uheldig utvikling

Som grunnar til avgjerda om å legge ned, fortel Hestholm og styreformann Helge Rogne til Sulaposten at etter at staten krevde konsesjon for fiske på 1970-talet, har båtane berre blitt større og færre. Denne utviklinga har ikkje vore heldig for Fyllingen Slipp.

— Vår slipp har blitt for liten. Her er ikkje plass til flytedokk, seier dei.

— Avgjerda vart tatt på ganske kort tid, sjølv om utviklinga har gått mot det lenge så var det vel siste halvår i fjor at det ga seg merkbart utslag, seier Hestholm til smp.no.

Fyllingen slipp vart starta av lokale gründerar i 1917, og har vore eit familieføretak i kontinuerleg drift sidan 1941.

Helge Rogne seier til Sulaposten at det har vore interesse for å drive verftet vidare, inntil størrelsen på tomta og innseglinga har sett ein stoppar.