I konkurranse med fire andre selskap vann Nettbuss to nye anbod på busstenester på Sunnmøre. Avtalane gjeld frå 1. januar 2016.

- Valet falt på Nettbuss då dei hadde det lågaste pristilbodet, seier driftsleiar Stig Helle-Tautra i Driftsseksjonen i fylkeskommunen.

FRAM-profilen

I rutepakke 4 hadde dei eit pristilbod på 24,10 kroner per rutekilometer, og i rutepakke 5 hadde dei eit pristilbod på 29,13 kroner per rutekilometer. Merkevara FRAM kjem til å verte nytta vidare i områda bussane opererer i, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Alle bussane vil frå 2016 få FRAM sin grafiske profil og ligge inn under kollektivsatsinga til fylkeskommunen, noko som gjer at vi er enda eit steg nærare å samle kollektivtilbodet i Møre og Romsdal, fortel Helle-Tautra.

Heile Sunnmøre

I rutepakke 4 ligg ekspressbussrute Ålesund-Kristiansund og Ålesund-Åndalsnes, og regional- og skoleruter i kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda (Geiranger og Liabygda). Totalt rutekilometer for pakka er 2 925 874.

Rutepakke 5 inneheld ekspressbussrute Volda-Ålesund, fylkeskryssande rute til/frå Stryn, Nordfjordeid og Maurstad, og regional- og skoleruter i kommunane Sykkylven, Stranda, Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Totalt rutekilometer for pakka er 3 308 636.