Torsdag hadde det nydanna Strategiutvalet for idrett, med Jan Åge Fjørtoft i spissen, sitt første møte.

– Vi snakka særleg mykje om korleis vi kan unngå at terskelen for å drive med idrett vert høgare, fortel Fjørtoft til smp.no

Den siste tida har det vore debattert at avgifter i organisert idrett er med på å ekskludere store grupper i samfunnet.

– Det er sjølvsagt det motsette av kva vi vil, så det må vi passe oss for. For å spele fotball treng du eigentleg berre ein balll, meiner utvalsleiaren.

Skal tenkje nytt

Utvalet, som er oppnemnd av Kulturdepartementet, skal jobbe med å tenkje nytt kring forhold som hindrar nordmenn i å vere fysisk aktive både i- og utfor organisert idrett.

– De er handplukka som medlemmer fordi vi treng å tenkje nytt rundt idrett, folkehelse, fråfall i idretten, anleggssituasjonen og økonomiske utfordringar som hindrar aktivitet blant barn og unge, sa kulturminister Widvey til utvalet torsdag.

Fjørtoft (48) leiar eit utval som er sett saman av menneske med erfaring frå idretts- og samfunnsliv. Deira arbeidsområde dekkjer alle delar av befolkninga, frå grupper som i dag er inaktive eller tek lite del i idrettsaktivitet, til folk involvert i toppidrett.

Med på laget er mellom andre Aase-Kristin Homlong Abrahamsen (53) frå Ålesund, som jobbar som rådgjevar for idrett og fysisk aktivitet i Alta kommune.

– Vi har fått mange og tydelege oppgåver som i hovudsak går på å gje regjeringa råd om kva for idrettspolitikk dei skal drive i åra framover, fortel Abrahamsen.

Mellom hennar styrker er erfaringar frå Kommune-Noreg, kor ho har sett korleis det vert jobba med idrettsrelaterte utfordringar.

– Kommunane er naturlegvis kjempe-kjempe-viktig i arbeid med å redusere fråfall og inaktivitet. Det er her det vert lagd planer for ny skular og kva for areal som vert sett av til eksempelvis idrett og grøn struktur, seier ho.

Eitt av hennar hjartenære prosjekt er å leggje til rette for at barn og unge kan gå eller sykle til skulen heller enn å bli køyrd.

– Det er kommunen om driv lokalsamfunnet ved å byggje anlegg og leggje til rette for fysisk aktivitet i kvardagen, presiserer den utflytta ålesundaren.

Heimelekse

Medan det første møtet vart nytta til å gjere seg kjend med kvarandre og markere startlina for prosjektet, skal medlemmene fram mot neste samling arbeide individuelt med ulike oppgåver som vert fordelt i næraste framtid. Til å løyse desse skal dei nytte sine unike nettverk og hente inn opplysningar, fakta og idear.

– Så skal vi førebu våre tema fram mot dei to møta vi har før sommaren, fortel Abrahamsen, som har budd i Alta sidan 1988.

Om eit år skal utvalet gje kulturminister Thorhild Widvey råd og forslag til korleis ein best kan leggje til rette for både organisert og eigenorganisert idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Og med Jan Åge Fjørtoft i spissen vert dette langt frå nokon tung rapport som skal hamne i ei skuff, lover han.

– Vi skal vere konkrete og «to the point» når vi tek for oss utfordringane for idretten i framtida og korleis den kan ta grep i eit samfunn som er i endring.

Fjørtoft, som har erfaring som fotballspelar frå både Premier League i England og tyske Bundesliga, er i dag rådgjevar for det norske herrelandslaget som ein av fleire organisasjonsoppgåver. Han synest det er ei stor ære å få leie det nye Strategiutvalet.

– Her er det mykje av både formell og skjult kompetanse. Dessutan har fleire tilknyting til Sunnmøre, fortel Fjørtoft tydeleg godt nøgd.

Mellom anna har Øyvind Sandbakk (34), forskingskoordinator ved Senter for toppidrettsforsking ved NTNU og Olympiatoppen Midt-Noreg, budd i Ørsta og på Flø, fortel Fjørtoft.

– Dessutan er det med folk som Anneli (Nesteng, kraftverkssjef for Norsk Hydro i Sogn, journ. anm.), som ikkje kan noko om idrett, men er god på friluftsliv og uorganisert trening og det å strekkje grenser, seier utvalsleiaren.

Fokus på dei frivillige

Frivillegheita, som kan sjåast som ryggrada i norsk idrettsliv, vil òg vere eit viktig fokusområde for utvalet sitt arbeid. Fjørtoft fortel at i Gursken på Sunnmøre, der han vaks opp, var det frivillige basis for all aktivitet for gamal og ung.

– Faktisk er frivillegheita stabil, og dette fokuset på dei som jobbar rundt idretten er viktig å involvere. Brukt på rett måte kan idretten bidra i arbeidslivet, innafor helse- og undervisningssektor og meir. Vi skal tenke på tvers, slår Fjørtoft fast.

Ved å sjå fungerande og mindre fungerande politiske tiltak med nye auge og ta omsyn til at samfunnet er i endring, vil dei utarbeide tverrfaglege forslag til å dra nytte av fysisk aktivitet hjå alle grupper i samfunnet. Det er viktig at òg dei uorganiserte har anlegg dei kan nytte, synest Fjørtoft, som under møtet torsdag brukte eit eksempel frå eit innslag på Dagsrevyen der ein gut i Ulsteinvik rosa den nye skateparken som gjev han mulegheit til å trene «når han vil».

– Vi må sjå på måtar for å rette pengestraumen både mot idretten og dei som vil trene åleine lik som dei som driv organisert.

I prosessen med å kome dit er vegen målet, og utvalet håpar å setje i gong fruktbare diskusjonar.

– Truleg vil vi ha ein rapport klar i april neste år, seier Fjørtoft.