3.686 ungdommar i Møre og Romsdal søker i år om skuleplass til Vg1. Det er ei svak auke frå i fjor.

— Dei fleste skulane har ei merkbar auke til helse- og oppvekstfag, seier fylkesutdanningssjef Sverre Holen i ei pressemelding.

Totalt er det 449 som har søkt helse- og oppvektsfag, mot 364 i fjor.

Ikkje plass til alle

På mange skular er det ikkje nok plassar til alle som har søkt. Til dømes på Borgund vidaregåande skole, der det er 98 søkarar til helse- og oppvekstfag, og berre 75 plassar. Det same gjeld Ørsta vidaregåande skule, der det er 30 plassar på linja, og 42 søkjarar.

Bygg- og anleggsteknikk er også på veg opp. Søkinga til design og handverk har vore svak dei siste åra, og nedgangen der fortsett i år. Det er berre 86 som har søkt design og handverk.

Medier og kommunikasjon går også nedover, med 100 søkarar, mot 151 i fjor.

Fleire til yrkesfag

Det er 91 fleire søkarar til yrkesfag enn det var i fjor.

— Vi er eit fylke som har eit stort behov for fagarbeidarar, så dette er ei positiv utvikling som vi håpar fortsett, seier fylkesutdanningssjefen.

Dei fleste jenter har søkt utdanning som gir studiekompetanse, medan flest gutar vel yrkesfag. Det er også sterk kjønnsdelt søking innanfor yrkesfaga. Dette er tendensar som har vore i fleire år.

Færre søkarar til påbygging

Av Vg2-yrkesfagselevane er det 41 fleire som søker lærekontrakt i bedrift enn i fjor, og 53 færre som søker påbygging til generell studiekompetanse.

Det er om lag like mange som vel realfag i høve til språkfag, samfunnsfag og økonomi, av dei som går studiespesialiserande løp.