Stranda Hamnevesen har anka ein dom i Frostating lagmannsrett, der dei tapte eit sak mot Hurtigruten ASA.

Les også: Ankar hurtigrutedom

Les også: Hurtigruta vann i retten

Lagmannsretten slo fast at Stranda Hamnevesen har rett til å krevje inn betaling, men at kravet mot Hurtigruten var ugyldig fordi prissetjinga var vilkårleg og urimeleg.

Dersom dommen i lagmannsretten vert ståande slepp Hurtigruten å betale eit krav på 1,2 millionar kroner, medan hamnevesenet i staden må betale Hurtigruten sine sakskostnader på 1, 4 millionar kroner.

Både i Sunnmøre tingrett og i Frostating lagmannsrett var det Hurtigruten som fekk medhald.