Sunnmøre tingrett har no dømt han til fengsel i 30 dagar for falsk forklaring til politiet. I tingretten erkjende han å ha forklart seg falskt til politiet, i to avhøyr like etter drapet på Sami Milhem 8. august i fjor.

I retten forklarte han også kva som skjedde i timane før drapet på Sami Milhem. Han forklarte at Sami Milhem og ein annan kar var i leilegheita natta mellom 7. og 8. august. Ifølgje rettsdokumentet rusa alle seg både på dei narkotiske stoffa amfetamin og marihuana og på medisinen rivotril.

Om morgonen kom så den drapssikta og banka på soveromsvindauget til eigaren av leilegheita.

– Fekk føle seg som heime

I retten forklarte han at han hadde det travelt denne morgonen og skulle nå ein buss, og at han ikkje fekk liv i Sami Milhem fordi han sov tungt.

Han forlét leilegheita saman med den andre kameraten, og sa til den no drapssikta at han fekk føle seg som heime.

Dermed vart den seinare drapssikta mannen åleine med Sami Milhem.

Sjokk

Klokka 13.30 om ettermiddagen fekk politiet melding om at ein mann var funnen død i bustaden. Då han som budde i leilegheita kom heim att same ettermiddag, var politiet på plass. Her fekk han vite at Sami Milhem var drepen.

Han forklarte i retten at han fekk sjokk, og var redd for å bli trekt inn som medskuldig i drapssaka. I avhøyr hos politiet både 8. og 9. august nekta han for at han hadde sett noko til den no drapssikta om morgonen 8. august.

I tingretten erklærte han seg skuldig i falsk forklaring.

Den domfelte har to vekers ankefrist på dommen.