• Sjå video frå møtet med elevane ved Valderøy barneskule i vindauget øvst i saka

Sidan hausten 2013 har prosjektet Barneombussen, vore på turné landet rundt. Bak står Barneombodet med ombodet sjølv - Anne Lindboe, i spissen.

- Vi reiser rundt for å høyre korleis barn har det, fortelje om kva Barneombodet gjer, om FN sin barnekonvensjon og om barn sine rettar, fortel Lindboe.

Til grunn for Barneombussen - som nyttar ei knall raud campingvogn i synleggjerninga, sidan det ikkje var midlar til nokon buss - ligg eit resultat av innspel nettopp frå unge.

- Som del av prosessen med å finne den rette til jobben som barneombod vart eg intervjua av ei gruppe ungdommar. Dei ønska seg eit barneombod som reiste mykje rundt. Det signalet har vi tatt på alvor, fortel ho.

Gjør som meir enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Nytta sjansen godt

Tysdag fekk rundt 180 elevar på 4., 6. og 7.-trinnet ved Valderøy barneskule besøk av Barneombussen. Og etter at dei vaksne hadde vist film og sagt sitt, og dessutan også tatt elevane med på ei øving, vart det opna for at barna sjølve kunne stille spørsmål.

- Kva hadde skjedd om vi ikkje hadde hatt eit barneombod, undra ei.

- Har vi rett til å gå på do i timen? spurte ein annan. Ei tredje lurte på kvifor vaksne bryt Barnekonvensjonen?

Og Lindboe og dei to hjelparane Morten Hendis og Sidsel Bjerke Hummersand, svara villig vekk - på desse tre, så vel som fleire andre spørsmål. Om dette med kvifor vaksne bryt Barnekonvensjonen sa Lindboe mellom anna følgjande:

- Ofte veit ikkje vaksne at dei bryt konvensjonen. Dei er litt dumme nokre gongar. Det kan også skje at vaksne har vanskar med å ta vare på seg sjølve og at det eigentleg er dette som ligg til grunn når dei gjer urett mot eit barn. Det er sjeldan vaksne vil barn ondt.

Etter besøket på Valderøy barneskule gjekk turen vidare til Valderøy ungdomsskule for Barneombussen, også dette tysdag. Onsdag er det vidare to skular i Ålesund som får besøk - Aspøy og Skarbøvik. Desse møta skjer utan Lindboe, som då er i Oslo i samband med overleveringa av Djupedal-utvalet sin rapport om mobbing og krenking i skulen.