Eventyraren er budd på nesten alt, også sår bak.

- Fagfolk i Forsvaret seier at det beste er å sitje i damestrømpebukse av nylon, opplyser Thorseth, som har bestemt seg for å følgje rådet.

SJÅ VIDEOREPORTASJE HER

Torsdag inviterte han og kona Pen til samling for vener, sponsorar og kjende i tunet heime på Thorsethøgda i Herøy. Ho serverte thaimat frå butikken "Thai Godsaker", som ho og ektemaken skal opne i ei campingvogn 9. april.

- Alt er vel med oss både fysisk og psykisk. Det er svært travelt. Dagane er få, timane for stutte, men vi står på det vi vinn, opplyser Thorseth.

Han har vore to dagar på St. Olav i Trondheim for å sjekke om hjartet held.

- Legane gav klarsignal, men eg fekk ingen garanti.

Ror begge vegar

Den store Shetlands-turen startar 10. juni. Han reknar å bruke sju-åtte veker begge vegar, og er heilt bestemt på at han skal vere tilbake i Fosnavåg laurdag 1. august klokka 1200.

- Eg skulle ro heim att også i 1969. Eg var blakk, men så ringde NRK og ville ha eit intervju, og dei betalte flyet. Eg fekk ein fiskebåt til å frakte båten heim. Dei skal lage ein 40 minuttars dokumentarfilm om denne turen. Det betyr at eg skal underhalde gjennom tre kamera under vegs.

Heller ikkje no vassar han i pengar. Turen kostar halvannan million kroner og han manglar noko, og alt er ikkje like billeg.

- Eg kan godt seie rett ut at det dyraste er kreditten på 70.000 kroner på eit Cresco-kort frå DnB, som skal ha 24 prosent rente.

- Smådjevlane

Thorseth runda 67 år i februar og er ingen ungdom, anna enn i sitt eige hovud. Han held seg til Fader vår og "La din vilje skje", med den presisering at for han sjølv er det "Min vilje skje!" som gjeld. Det tøffaste, reint psykologisk vert å ro heim att.

- Kva er du reddast for på ein så lang tur?

- Smådjevlane! Eg har tenkt på det meste og er godt budd. Men kjem det ein stor båt, og eg ligg og søv, ja, då kan alt skje. Båten flyt uansett. Eg kan vente to dagar i sjøen. Så lenge pumpene har straum, tek dei 400 liter i minuttet. Alt er pakka for å tåle vatn.

- Kven skal vere med som føgjebåt, vil ein av dei frammøtte vite.

- Vårherre! kjem det kontant.

- Eg skal aldri i h... sende ut nokon naudsignal, legg han til.

Maten vert lettrøykt kvalkjøt av beste sort frå Myklebust i Sandøy, pluss sardiner og annan nærande kost, og te og kaffi tilsett druesukker.

- Alkoholfritt vert det heilt sikkert på turen. På Thule bar i Lerwick er eg ikkje like sikker.

Trenar mykje

Blant anna etter krav frå kona, har han lagt om livsstilen totalt. Over tretti av hans eigne kilo er borte. Han ror mykje heime i stova, men om nokre veker skal ha på sjøen. Det vert turar til Fosnavåg, Ulsteinvik og rundt Gurskøya til Larsnes.

Sjølve generalprøven vert i slutten av mai, når han skal frakte "Brattholm Havila" til Kristiansund og ro heim att. Alt er ikkje perfekt enno, fortel han, men han skal lære mykje på turen frå Kristiansund, der han vart fødd og seinare tok realskulen.

Eventyraren takkar dei to konene sine for alt han har fått til. Han saknar den første kona, Kari, som døydde heilt uventa på stranda i Thailand i 2013. Dei var gift i 38 år.

Den nye kona, Pen, kan han ikkje få lovprist nok, ho er den beste ven og kone. Som bevis deklamerer han ein hyllest til kvinna av den kvinnekjære Wildenvey, før han held fram med "En hustavle" av Øverland.

Sjølv har han alltid tenkt langsiktig, fortel han.

- Eg kan vere illsint og brå, men eg har alltid tenkt langt framover.