Hensikta med å greie ut er å avklare om det er grunnlag for å etablere eit finansielt og operativt sterkt sjøselskap, heiter det i ei pressemelding.

Det nye selskapet vil, om det blir etablert, få base på Vestlandet. Ifølgje Fjord1 og Norled er siktemålet eit selskap som er sterkt nok til å konkurrere effektivt om dei største ferjeoppdraga i Norge. Dette er viktig for å møte dei utfordringane ferjenæringa står ovanfor nasjonalt og internasjonalt.

Norled og Fjord1 går no igang med å utarbeide eit felles forslag til korleis det nye selskapet kan etablerast.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtalte saka.

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier til NRK Møre og Romsdal at mangelen på konkurranse er problematisk.

– Vi frykter jo da at tenestene blir for dyre. Anbudskonkurransen er jo noko ein har for at ein skal få best mogleg pris. Når konkurransen forsvinn så kan ein spør: får vi best mogleg pris eller får vi det ikkje, seier Aasen til NRK.