– Kva var det familien var redd for? Det var ikkje klask eller øyrefik, men dei levde i frykt for terrorliknande vald og redsel for å bli drepne, sa aktor Ingvild Thorn Nordheim i sluttinnlegget sitt, før rettssaka mot familiefaren blei avslutta torsdag.

Aktor meiner det allereie var etablert eit valdsregime i familien, før familien kom til Norge. Ho viste til det dei fornærma har forklart om torturliknande handlingar som brennemerke frå sigarettar, slag med straumleidning og arr etter varm olje.

Ære

Men det er påstand mot påstand i saka. Tiltalen baserer seg på det kona og døtrer har forklart om vald. Faren er også tiltalt for vald mot sonen, men sonen har trekt det han sa i seks timar lange politiavhøyr. Og han er no på faren si side.

Aktor meiner dette kan skuldast sterkt press frå faren og familien hans, om å gjenopprette faren si ære.

Forsvarar Torgeir Hovland Langva drog i sin prosedyre i tvil det dei fornærma har forklart. Han viste til fleire døme på at det ikkje er samsvar mellom politiforklaring og det dei har sagt i retten.

Aktor på si side meiner avvika ikkje er meir enn ein kan vente når personar lever under ekstremt press og vald. Og ho meiner retten må legge vekt på det totale bevisbildet i saka.

Avviser fryktregime

Forsvarar Langva meiner familiefaren må frifinnast.

Han avviste at familien har levd i eit fryktregime og meiner nokon måtte ha lagt merke til det, viss det var utbreidd terror- og valdsutøving i familien.

– Ingen har sett teikn på valdsutøving. Tvert imot så omtaler dei forholdet far/barn som positivt, sa Langva.

Erstatningskrav

Støtteadvokat Mette Ekroll Nyland sette fram krav om oppreisingserstatning til dei fornærma, på til saman nær 600.000 kroner. Kontoret for valdsoffererstatning vil måtte forskottere ei eventuell erstatning. Tiltalte blir kravd for summen seinare.

Sonen til tiltalte har trekt eit tidlegare framsett erstatningskrav, og han ønskjer heller ikkje at faren skal få straff.