Sunnmørsposten har lodda sesongstemninga ved skisentera i Sunnmøre og Nordfjord ved starten av påska.

Etter den snølause og elendige alpinvinteren 2013/14, har årets sesong vore bra for dei aller fleste.

God påsketrafikk vil no kunne bli reine bonusen på toppen for den økonomiske drifta av skisentera.

Første gong

Ørsta skisenter på Bondalseidet er ikkje noko unnatak for hovudtrekka i skitrekksesongen 2014/15.

Og på det som var vêrmeldt som ein skikkeleg gråvêrsdag, synte seg å ende med både sol og mykje blå himmel måndag.

Dette kom mellom andre treåringen Karoline Osdal frå Bergen til gode. Førstegongsjenta på alpinski jubla, der ho la seg i selen som mora Tereza ploga bak og styrte.

Seletøy

– Vi har leigt denne styreselen og han fungerer perfekt. Her er sol, her er snø og alt vi kan ønskje oss seier Tereza Osdal (33) som sjølv er frå alpint landskap i Tsjekkia.

Ho stifta familie med ørstingen Arnfinn Osdal, no busette i Bergen.

– Dei fantastiske alpine forholda her var faktisk ein del av grunnen til at eg orienterte meg mot Norge. No angrar eg ikkje, smiler skientusiasten Tereza Osdal - og tek ein ny tur med dottera i seletøy framfor seg.

Påskevêr

Med vêrmeldingar som snudde på tiøringen og no lovar langt betre påskevêr enn grådystre prognosar på førehand, må mange skisenterleiarar med glede innsjå at det ikkje vert påskefri likevel.

På Bondalseidet fortel dagleg leiar Rune Moltudal om ein bra sesong.

Påskedrifta vert først og fremst berga av eit eksklusivt skitreksom held fram der stolheisen sluttar.

– Dermed kan vi by på kvite vidder og bakkar heilt opp mot nærare tusen meter.

– Vi har spart mykje på liten produksjon av kunstsnø i vinter, så med ei god påske må vi vere nøgde med sesongen, seier Moltudal.

Han reknar med å halde ope eit par helgar etter påske, noko svært mange også av dei andre skisentera i regionen tek sikte på dersom vêr og forhold held seg.

Sesongsummering

Stryn vinterski har samanliknbare forhold med Ørsta, ettersom også dette anlegget har eit «vidaregåande» trekk som tek folk høgt til fjells frå hovudtrekket der det tek til å bli lite snø.

– Oppe i høgda er det halvannan meter snødjupn, så der finst det ikkje problem no framover, seier driftsleiar Kåre Tonning.

Det høgastliggjande skitrekket er Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet, der trekket startar på 600 m.o.h.

– Påsketrafikken står for kanskje så mykje som ein tredjedel av sesonginntekta, så no gler vi oss til ei god påske, seier driftsleiar Kåre Solheim.

Harpefossen i Eid kommune gjer dagleg leiar Morten Storkås det klart at påsketrafikken blir heilt avgjerande for om drifta går ut i pluss.

– Heldigvis snudde vêret, og vi han no håpe på drift også eit par helgar over påske, seier han.

Også ved Hornindal skisenter har sesongen vore god, melder driftsleiar Amund Tomasgard.

– Berre ruskevêr i februar har trekt ned. Sesongen elles har vore veldig bra, opplyser han, med rikeleg snø i bakhand.

Ein middels sesong

Ved Sunnmørsalpane skiarena på Fjellsetra kan driftsleiar Ole Jørgen Tandstad melde om ein middels sesong, men påska vil gjere susen trur han.

Dagleg leiar Rune Støversten ved Overøye skisenter er svært godt nøgd:

– Fjorårssesongen har vi fortrengt, no står vi på til godt over påske, seier han.

Kollega Kjetil Gjul ved Ørskog skisenter må derimot spare på snøen.

– Ja, vi held stengt desse tre dagane fram mot kjernepåska, i håp om spare snøslitasje til då. Etter påske er det slutt.

Ope i Volda

Ved Volda skisenter på Reset sparar dei óg på snøen.

Sunnmørspostens medarbeider trudde først det var slutt på sesongen der i garden, men seint måndag opplyste skisenteret på si Facebook-side at dei har ope frå torsdag og ut påska.

Treåringen Karoline Osdal storkosar seg med balansehjelp og fartsstyring som mora Tereza ordnar gjennom fast kontakt med seletøy og taumar..! Jenta er debutant på alpinski. Med Bergen som bustadadresse kan ho juble over alpinforholda i faren Arnfinn si heimkommune Ørsta. Foto: Knut Arne Aarset
Ved Volda skisenter på Reset i Volda vil dei ha ope frå tordag og ut påska, opplyser dei seint måndag. Foto: Knut Arne Aarset