Politiet i Sogn og Fjordane melder klokka 00.51 om ein bil som har køyrd av vegen og hamna på taket ved Nave i Vågsøy.

- Politi og ambulanse til staden då det ikkje er folk der. Bileigar og førar kjem til staden, skreiv politiet i meldinga på Twitter.

Like etter kjem det fram at førar har vore uheldig og mista kontrollen på bilen. Alle skal vere uskadd, og bilberging er undervegs, opplyser politiet ved 01-tida natt til tysdag.