- Det teiknar til å bli ein heilt fantastisk dag på Strandafjellet i dag, seier marknadssjef Ellen-Beate Wollen som er oppe på fjellet og ser skifolket strøymer på tysdag formiddag.

Stranda skisenter har heile anlegget ope i påska. Det vil seie sju heisar og 17 nedfartar. Også folk utan ski kan ta gondol til Roalden, der restauranten er open 1.042 meter over havet.

1.400 på måndag

Skianlegget lokkar med aktivitetar kvar dag. Og dei har rikeleg med snø. Heilt nederst er det begynt å bli litt kornete, men elles er det gode snøfohold, rapporterer Wollen og legg til at det gjeld også for 25 kilometer med langrennsløype.

Måndag hadde skisenteret besøk av 1.400 personar. Flesteparten av gjestene er regionale, men Wollen fortel at dei har folk frå heile landet. Tysdag morgon er til dømes frikøyrarar frå Stavanger på plass. Og i helga hadde dei også ein buss frå Sverige. Elles har dei hatt besøk av filmteam frå Slovenia.

Vêrmeldingane

Siste dagane har det blitt finare vêr enn vêrmeldingane har vist. Wollen skjønar at det kan vere vanskeleg å melde vêret, men ser at folk blir påverka av vêrmeldingane.

- Vi ser at vêrmeldingane har stor påverknad, og folk legg planar etter vêrmeldingane, seier ho og viser til at dei dagane det har vore meldt fint heile tida, er det stor pågang.

Laurdag og søndag var det ikkje meldt så fint, og då var det også noko færre folk - sjølv om vêret blei bra.

Sesongen i år har vore svært bra på Strandafjellet, med start i desember og stor aktivitet utover i heile vinter. Det har også vore påfyll av snø jamleg.

Stranda skisenter lokkar med aktivitetar kvar dag, for små og store. Foto: Ellen-Beate Wollen/Stranda skisenter
Måndag hadde Stranda skisenter 1400 gjester, som kunne nyte sol og påskestemning høgt til fjells. Foto: Knut-Magnus Berge