Påsketreffet tysdag i påskeveka er det niande i rekkja, og med 400 deltakarar og 42 stands var Påsketreffet 2015 det største som er arrangert i Operahuset på Eid.

Årets Arild Hjelmeland har vore prosjektansvarleg alle åra, og han seier årets arrangement er det mest omfattande nokon gong.

– Med 42 stands med verksemder og arbeidsgjevarar frå Eid, Vågsøy, Gloppen, Bremanger og Selje, og med 400 menneske samla, er det rett å seie at treffet aldri har vore større, seier Hjelmeland.

Rekruttering

Nordfjord Vekst stod som arrangør, og dei fleste verksemdene kom frå lokalområdet Eid.

– Eg oppfattar det som ein suksess. Det er stor interesse både frå bedriftssida og frå folk som vil orientere seg i jobbmarknaden. Vi jobbar for å byggje dette opp til eit regionalt treffpunkt, fortel prosjektleiaren.

Tilbakemeldingane er utelukkande positive, fortel Hjelmeland. Det er førebels flest verksemder frå lokalområdet Eid.

– Kva er målsettinga for treffet?

– Det er å leggje til rette for å skape relasjonar med tanke på rekruttering.

– Kva veit ein om effekten?

– Vi har ikkje målt direkte, men vi veit at det er ein av fleire stader der kontaktar blir etablert med tanke på rekruttering.

Buffet for alle

Det var folk i alle aldrar til stades på treffet, og flest ungdommar som var nyfikne på kva den lokale arbeidsmarknaden har å by på. Det var òg folk med adresse Nordfjord som ville orientere seg eller rett og slett berre vere sosiale. Bryggen Hotel sytte for langbord og ståande buffet, heilt gratis for dei frammøtte.

Populær film

På programmet stod mellom anna framsyning av den nye filmen til Eid kommune der framtidsvisjonar blir presentert. Filmen inneheld 3D-animasjon av det nye bustadfeltet i Hågaåsen med over 100 tomtar. Visjonane om cruisekai og vikingsenteret Sagastad er andre tema som blir presentert. Interessa var så stod for filmen at det måtte setjast opp ekstra framsyning.

Fotballtrenar fekk 10.000

Påsketreffprisen 2015 vart tildelt Eid-trenar Bjørn Totland for jobben han har gjort med fotballen i kommunen sidan han tok over trenaransvaret for vel to år sidan. Prisen er på 10.000 kroner.