Ei kvinne i 30-åra som utløyste og vart tatt av eit flakskred ved Kolåstinden fredag kunne til slutt puste letta ut og slå fast at ho var uskadd.

Les meir: Skredfare i påskefjellet

Ifølge Sunnmøre politidistrikt var skigåaren fleire gonger under skredet, som var 50-100 meter breidt og 40-50 cm djupt.

Då det stoppa var kvinna over skredet, og meldte seg sjølv som uskadd.

Ho stadfesta samtidig at det ikkje var andre personar i skredet.

Politiet har registrert meldinga klokka 15.30, fredag.

Seinast tysdag i førre veke vart det meldt om eit større skred i eit bratt terreng ved Kolåstinden.