Midt i eggdonasjons-debatten stilte Randi Brunstad frå Sykkylven opp i VG og fortalde at ho i ein alder av 23 år var komen i overgangsalderen. Konsekvensen av dette er at det berre er fem til ti prosent sjanse for at ho kan bli gravid på naturleg måte.

– Eg valde å dele historia mi fordi eg tykkjer det er eit utruleg viktig tema. Samstundes er det litt «tabu», og vanskeleg for mange å ta opp, fortel Brunstad.

Eggdonasjon

For at folk skal forstå behovet for eggdonasjon og få ein god debatt meiner Brunstad at kvinner er nøydd til å dele erfaringar og historier.

– Eg håper at slike historier kan gjere ein forskjell og få folk til å engasjere seg. Det er viktig for mange der ute, og eg er berre ein av dei, seier Brunstad vidare .

Råd

Brunstad håpa samstundes å kome i kontakt med andre i same situasjon, for sin eigen del.

– Eg ville kome i kontakt med andre som har erfaring og råd, seier ho.

Og det har ho gjort. Brunstad har blitt kontakta av mange både på telefon, Facebook og personar som har kome bort på gata.

– Responsen har vore over all forventning. Det gir utruleg mykje glede og motivasjon at det har gått bra for mange, og nokon har blitt gravide på naturleg måte, seier Brunstad.

Sjølv har ho fått beskjed om at eggdonasjon kanskje er einaste utveg.

Positiv

Personleg har ho berre fått positiv respons. Og tilbakemeldingane hyllar henne for å stå fram med ei slik viktig sak. Men ho er klar over at der er fleire som har sterke negative meiningar om saka også.

– Eg har ikkje lese alle kommentarane på VG Nett eller Twitter, men eg har forståing for at folk er i mot.

Sjølv om enkelte er negative, er ho likevel glad for å stå fram.

– Det har kome mykje godt ut av det. Eg har kome i kontakt med mange i same situasjon som har råda meg til klinikkar, legar og liknande.

Hjelpe kvarandre

Brunstad fortel at ein føler seg  ganske åleine i ein slik situasjon, og at responsen gir eit driv til å kome i kontakt med endå fleire der ute.

– Kanskje vi kan hjelpe kvarandre. Eg har fått meir råd og tips no enn frå nokon som helst lege tidlegare, avsluttar ho.