Åpen folkekirke i Møre er no klar med si kandidatliste til bispedømerådsvalet i haust.

– Vi er veldig glade for å ha fått ei sterk liste som tar omsyn til kjønn, alder og geografi i bispedømet, skriv dei i ei pressemelding.

Oppmodar om å stemme

Dei oppmodnar alle kyrkjemedlemmer over 15 år til å nytte stemmeretten ved haustens kyrkjeval.

På lista finn vi mellom anna Erik Kursetgjerde som er fylkessekretær i AUF Møre og Romsdal. Åpen Folkekirke har kandidatar mellom 21 og 68 år på si liste.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Vil ha homofleirtal

Åpen folkekirke jobbar for å stille liste i minst ni av elleve bispedømer. Målet er fleirtall på kyrkjemøtet slik at ekteskapsliturgi for homofile og lesbiske vert innført i kyrkja.

Temaet har vorte brennaktuelt etter at biskop Ingeborg Midttømme i førre veke gjorde det klart at ho ikkje vil ordinere lesbiske Hanne Marie Pedersen-Eriksen.

Etterpå er blitt kjent at det kan opnast for at Eriksen - som er tilsett som prest i Sandøy - kan kan bli ordinert i eit anna bispedøme.

Biskopen: – Eg trur mitt syn på ekteskapet er godt kjentLes også: – Pinleg kaotiskLes også: – Rystet over biskopen

Desse er Åpen folkekirke Møre sine kandidatar til kyrkjevalet:

  • Therese Utgård (35) - Lege, Sykkylven

  • Olav Myklebust (46) - Historikar/student, Gursken

  • Maren Elgsaas Jenssen (20) - Vernepliktig/student, Kristiansund

  • Margaret Mørk (62) - Rektor, Molde

  • Are Veraas (42) - Servicekonsulent, Kristiansund

  • Hilde Vatne Lande (24) - Student, Ålesund

  • Henry Ståle Farstad (60) - Salgssjef, Farstad

  • Jon Inge Lervåg (68) - Møbelagent, Ålesund

  • Odd Arve Orten (56) - Snekker/sjølvstendig, Orten

  • Lars Polden (65) - Pensjonist, Surnadal

  • Erik Kursetgjerde (21) - Student/politikar, Hundeidvik

  • Sverre Steinnes (52) - Senioringeniør, Frei

  • Magnar Hjertenæs (53) - Førstelektor, Ørsta

  • Hilde Mari Linaker (54) - Sjølvstendig næringsdrivande, Ålesund

  • May Bente Anita Jønsson Botnvik (25) - Student, Sunndalsøra

  • Marianne H. Brekken (27) - Student, Elnesvågen

  • Arild Hevrøy (39) - Anestesisjukepleiar, Ålesund