Torsdag fekk russen i Volda og Ørsta høve til å ta ein russeknute ved vere med på eit arrangement gjeldande årets russekampanje «Saman mot valdtekt».

– Det er klart vi stiller opp på noko så viktig som dette. Temaet er svært aktuelt for oss som er russ, seier Anne Egset.

– Både helsesystera, politiet og dama frå SMISO snakka om ting som eigentleg er sjølvsagde. Men det er bra for oss alle med ei påminning om kvar grensene går, synest Jonas Bjørneset.

Dei to, Egset og Bjørneset, er russepresidentar på Volda vidaregåande skule.

Overgrep

Det er Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) Møre og Romsdal, og Norske Kvinner Sanitetsforening, som denne våren gjennomfører eit førebyggjande og haldningsskapande prosjekt retta mot Russ 2015 i Møre og Romsdal. «Spør meg først, eg tek ansvar» er slagorda som skal hindre valdtekt under årets russefeiring.

– Eg trur mange av dokke ungdommane ikkje veit kvar grensene går. Veit de at det er eit overgrep å tvinge nokon til å sjå på porno eller høyre på sexsnakk?

Anne Kristin Skurtveit frå SMISO Møre og Romsdal fortel at over 40 prosent av alle valdtekter er ungdoms- og festrelaterte valdtekter.

– Når de no får kunnskap om dette temaet, får de også eit ansvar. Det er klart de skal ha det gøy i russetida, men ei valdtekt kan gi uboteleg skade både for offer og gjerningsmann, sa Skurtveit til russen.

Ikkje fritak

Politioverbetjent Pål Inge Olsen minte om at russedressen ikkje gir fritak for straffeansvar.

– Og sjølv om det vert utfordra til ting i ein russeknute, så kan det likevel vere ulovleg, sa Olsen.

Helsesyster Lisbeth Hoggen Totland seier at ho ikkje likar å rette ein peikefinger mot ungdommane, men at ho håper kampanjen set i gang tankane til russen.

Etter arrangementet fekk alle dei frammøtte russane kvar si oransje boksertruse med påskrifta «Spør først» på jentemodellen og «Eg tek ansvar» på gutemodellen.

<strong>Russekampanje:</strong> F.v. Annie Sandvær (Sanitetsforeininga), Merete Nerland (SISO), Ann Kristin Skurtveit (SISO), Pål Inge Olsen (politiet) og Lisbeth Hoggen Totland (helsesyster i Volda).