Mildare vintrar betyr mindre snø. Dermed er framtida til X2-festivalen trua. Det var den konkrete bakgrunnen for at festivalen i år valde å arrangere klimadebatt, i tillegg til alskens aktivitetar for ekstremsportinteresserte.

- Mangel på politisk vilje

– Kvifor klarer ikkje forskarane å bli samde om årsakene til klimaendringane?, ville debattleiar Jens Standal Groven vite innleiingsvis.

– FNs klimapanel meiner det er 95 prosent  sannsynleg at dei klimaendringane vi ser i dag er menneskeskapte. Dersom du blir åtvara mot at det er 95 prosent risiko for snøras i ei li så går du ikkje dit, svara fagssjef Hallstein Havåg frå Bellona.

– Er det muleg å vinne klimakampen?, var neste spørsmål.

– Forskarane er klare på dette punktet. Vi har løysingane. Det som manglar er politisk vilje, svara nestleiaren i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

Lydhøyr forsamling

Det kom mange kommentarar frå ei lydhøyr forsamling i festivalteltet. Ikkje uventa vart det diskusjon om det individuelle ansvaret vi har som forbrukarar. Ein av skiveteranane i salen viste til at han køyrer milevis kvar veke for å gå på ski, noko som ikkje er miljøvennleg.

– Vi er ein gjeng bortskjemde drittungar som later som om vi bryr oss, meinte han.

Dermed steig debatttemperaturen godt over FN-målet på to grader.

– Ei slikt utsegn er eit uttrykk for frustrasjon over at det er vanskeleg å gjere endringar i kvardagen. Vi er avhengige av at det første store vala vert tatt av politikarane. Dei folkevalde må leggje dei store steinane først, sa Bellona sin mann i panelet, Hallstein Havåg.

Natur og Ungdom sin representant peika på at neste store sjanse til endring kjem i haust – då det er lokalval.

– Det gjeld å finne den gode politikaren, som gjer kommunen smartare, sa Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom.