Tillitsvalte og leiinga i Fjord1 snakka saman i dag, melder NRK fredag ettermiddag. Det har vore uro i Fjord1 i fleire månader. I mars vart det klart at selskapet gjekk med eit overskot på 111 millioner kroner i fjor, likevel har mange tilsette følt seg pressa til å gå ned i løn.

Terje Hals i Fjord1 er hovedtillitsvalt i Norsk Sjømannsforbund.

– Blant mine har folk reagert på korleis overskotet vart feira samtidig som vår gruppe må tåle lønsnedgang. Folk er frustrert og bekymra, seier Hals til NRK.

Driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau, vil ikkje kommentere den sterke kritikken.

Berre i Norsk Sjømannsforbund, som organiserer matrosar og catering, er 250–300 personar ramma. Enkelte tilsette har gått ned 5-6.000 kroner i løn per månad.