Klokka ni søndag morgon kom endeleg gladmeldinga:

– Vassforsyninga frå Storsætra er tilbake til full kapasitet. Bassenget på Valle er i ferd med å fylle seg opp, melder kommunen.

Mange abonnentar har fått tilbake vatnet, men det er framleis ein del som er vasslause. Dette gjeld mellom andre Skodje omsorgssenter.

Kommunene ber instendig bebyggjarane om ikkje å bruke meir enn naudsynt, slik at mest muleg får gå til oppfylling av leidninger og basseng som er vort tømd dei siste dagane.

Følgjefeil

Laurdag ettermiddag trudde kommunen at vatnet var på veg tilbake, men det oppsto uventa komplikasjonar.

– Vi har fått opp att normalt trykk til behandlingsanlegget, så hvis alt fungerar, så skal det vere oppe og gå innan eit par timar, sa arbeidsformann Egil Arne Ekroll i Skodje kommune til smp.no klokka 17 laurdag.

Klokka 20.30 kunne kommunen likevel melde at problemet vedvarte.

– Det har oppstått fleire følgjefeil, og store snømengder gjer arbeidet vanskeleg.

Arbeidarane måtte bruke scooter for å kome seg til staden ved Storsetra basseng.

Laurdag kveld er kriseleiinga samla på rådhuset i Skodje. Dei har tett dialog med mannskapet som jobbar med å fikse feilen.

– Det er sett i gong tiltak for å sikre provisorisk vassforsyning til omsorgssenteret, kommunale bustader og gardsbruk, melder kommunen, som oppmodar bebyggjarane til å take vare på dei som kan ha behov for hjelp til å skaffe vatn.

Grov over leidninga

Det var i fire-femtida fredag ettermiddag at entreprenøren som har eit anbod for å byggje ut vassforsyninga i kommunen gjorde eit feilgrep ved Storsætra.

– Ja, vi har hatt store problem etter at dei grov over hovudleidninga, stadfestar avdelingsingeniør Magnar Kvalvik i Skodje kommune.

Han fortel at dei kalla ut folk som jobba utover natta.

– Det var tre mann i arbeid fram til to-tre, og så starta dei på att i dag tidleg, seier han.

Alle som er tilknytt Skodje vassverk mista vatnet då bassenga vart tomme. Det gjeld stort sett heile kommunen med unntak av Stette, som får vatn frå Brusdalen, fortel Ekroll.

Luft og grus

Det som skaper store problem er luft og fremmedlegemer i røra.

– Det er komen grus og stein inn i røra, forklarer Kvalvik.

– Og knuste rørbitar, fortel Ekroll.

Det var ei gravemaskin som forårsaka feilen, og arbeidsfolka kar kava mot ein meter snø i fjellet i dag laurdag.

– Ja, det er ein liten meter snø her, vi måtte ha scooter for å kome fram, fortel Egil Arne Ekroll.