Det går mot avvikling av rørbedrifta Leine Industri i Herøy, melder Vestlandsnytt.

I følgje lokalavisa blir samtlege 12 tilsette oppsagde med verknad frå 1.april.

- Dei fleste har vore i bedrifta så lenge at dei har rett til å stå i seks månader etter at dei er oppsagde, fortel eigar og dagleg leiar Ivar Leine til avisa.

Han seier det er nedbemaninga ved Ulstein verft som har utløyst problema for Herøy-bedrifta, som har vore ein fast underleverandør.

- Oppdragsgivarane har sagt ifrå om at dei ikkje har arbeid til oss lenger. Dermed hadde vi ikkje noko val, seier Leine til Vestlandsnytt.

Leine Industri Foto: ARKIV