Reiarlaget Bourbon Offshore Norway har opplyst til norske styresmakter at dei på kort varsel kan stille eit skip som kan hjelpe til med å berge flyktningar i Middelhavet.

Det opplyser administrerande direktør Bjørn Idar Remøy til NRK Møre og Romsdal.

Siste: – EU vurderer militæraksjonBourbon-styrmann provosert: – Vi advarte om dette

– Vi var der i fjor, og ønskjer å bidra med det vi har muligheiter til, fordi det er ei humanitær tragedie. Vi var der nede i fjor. Då var vi ikkje budd, så det var ein bratt lærekurve då vi møtte ei så stor mengde med flyktningar som er i dette området, seier Remøy til NRK.

Han meiner skipet bør ha eit mannskap på kring 15 personer i tillegg til helsepersonell.

Les også: Regjeringen framskynder bidrag til MiddelhavetAmnesty: Dobling av dødsrate for båtflyktninger

Reiarlaget frå Herøy hadde i fjor offshoreskipet Bourbon Orca stasjonært utfor kysten av Libya. Mannskapet fekk stor merksemd etter å ha teke om bord nær 2000 flyktningar frå ulike skrøpelege farkostar siste halvåret.