Høgre tjuvstarta landsmøtet på Gardermoen med seminar om samferdslepolitikk, og hadde invitert konsernsjef Gunvor Ulstein som innleiar. Dermed vart det eit engasjert foredrag om nytta av ein ferjefri E-39.

– Eg framheva kor viktig samferdsle er når nye regionar skal skapast. På Sunnmøre treng vi mellom anna å byggje saman søre Sunnmøre med Ålesund, for å skape Mørebyen. Denne Mørebyen vil bli ein maktfaktor mellom Trondheim og Bergen. Og vi må vere til stades når det nye norgeskartet skal teiknast, seier Gunvor Ulstein.

Samstundes ber ho dei lokale Høgrefolka om å stå samla, for å unngå øydeleggjande interne dragkampar.

– Møre og Romsdal må heie fram kvarandre. Blir vi ikkje samde vil løyvingar felle til Trondheim og Bergen, seier Ulstein.

Det var Høgre sin stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, Helge Orten, som stod bak invitasjonen til Gunvor Ulstein.

– Samferdsle vert nok som vanleg ei av dei viktigaste sakene på landsmøtet, seier Orten.

Og då statsministeren heldt sin opningstale stod samferdsle øvst på skrytelista.

– Sidan 2013 har løyvingane til veg, bane og kollektivtrafikk auka med – hald dykk faste- over ti milliardar kroner, sa statsministeren, og vart avbrote av applaus av landsmøtet.

– Ja, det er heilt nye tider innan samferdsle, og det er fordi vi no har eit fleirtal og ei regjering som vil skape verdiar i dette landet, sa statsminister Erna Solberg, og fekk meir applaus.