Politiet fekk klokka 02.02 natt til laurdag melding om at det hadde vore sett ein mann som hoppa frå ferja, like etter at den la frå kai i Molde.

– Alle naudetatane rykka ut til staden, og det blei sendt dykkarar med ambulansehelikopter frå Ålesund, seier operasjonsleiar Korman Garshol i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ifølgje Rbnett var ferjemannskapet raskt ute med å sette ut lettbåt. Ein fridykkar frå brannvesenet søkte i sjøen utan resultat.

Våte fotavtrykk

Ei stund seinare fekk politiet beskjed frå fleire vitne som hadde sett ein våt mann sette seg inn i ein bil.

– Vi såg også våte fotavtrykk på staden, noko som tyder på at han har kome seg opp igjen, seier Garshol.

Ifølgje politiet blei det søkt langs kaia heilt til klokka nærma seg 03.00.

– Då konkluderte vi med at vi kunne avblåse søket. Det blei brukt lyskastar frå ferja, og frå land, og vi heldt vel på ein times tid, fortel Garshol.

Luftambulansen hadde ikkje kome fram då aksjonen vart avblåst, og returnerte til Ålesund.

Gjør som flere enn 22.000 andre - følg smp.no på Facebook

Stor redningsaksjon

Mannen skal ha hoppa frå ferja Moldefjord, og det var mannskap her om bord som melde frå. Garshol seier at det er farleg å hoppe frå ei ferje, både med tanke på straum i sjøen og propellar.

Ifølgje NRK var det skipperen som såg det heile via kameraet ved lemmen og det første han gjorde var å slå av propellen, før han varsla politiet.

Har ein mistenkt

Eit stort apparat vart sett i sving og politiet meiner dei har ei rimeleg god oversikt over kven personen som hoppa frå ferja var. Det er ein mann i starten av 20-åra som er mistenkt i saka.

– Det er oppretta sak fordi store ressursar vart sett inn i søket. Det må no vidare undersøkingar til, seier operasjonsleiaren, som meiner at mannen må ha ombestemt seg då ferja la frå kai i Molde.