Bøstrand er leiar for Unge Høgre i Møre og Romsdal og bystyrekandidat i Ålesund. I eit engasjert innlegg på landsmøtet fortalde ho om flere tilfeller der rådgjevarar i ungdomsskulen har kome med både dårlege og direkte feilaktige råd til 10-andeklassingar som skal velje vidaregåande studieretningar.

- Dette er viktige val, og det er synd dersom elevane tar avgjerder dei angrar på. Vi som er politikarar må leggje til rette for at det ikkje skjer, seier Bøstrand.

Krav til rådgjeving

På vegner av Unge Høgre foreslo ho å stille klare krav om at rådgjevingstenestene på ungdomsskuletrinnet og i den vidaregåande skulen samarbeider betre. Dette vart innarbeidd i ein av resolusjonane frå landsmøtet.

Ei av hovudsakane på landsmøtet i Høgre er det som vert kalla eit fornya løft for yrkesfaga. Bakgrunnen er at yrkesfaga har låg status, og at halvparten av elevane i yrkesfag på vidaregåande nivå droppar ut.

- Høgre er uroa for det høge fråfallet i yrkesfag og meiner at vi over tid ikkje har klart å tilretteleggje yrkesfagleg opplæring godt nok, står det i ei fråsegn frå landsmøtet.

Vil evaluere

Unge Høgre kjempa hardt for å få inn eit punkt om at lærlingar skal evaluere lærlingebedrifta. Fleire unge delegatar fortalde om venner og kjende som hadde hatt negative opplevingar som lærlingar. Nokre skal ha blitt direkte mobba av eldre kollegaer. I resolusjonsnemnda vart forslaget om evalueringsordning avslått av frykt for at bedriftene ville vegre seg for å ta inn lærlingar, men fleirtalet i landsmøtet vedtok dette punktet likevel.

- Dette er ei sak vi i Unge Høgre har kjempe for, så det var gledeleg at vi klarte å overbevise landsmøtet, seier Sunniva Bøstrand.

Sjølv har ho studert økonomi i København det siste året, men frå hausten skiftar ho til Høgskulen i Ålesund, og utdanning i shippingmanagement.

- Det må vere lov å ombestemme seg, og å bytte studium. Det er inga skam å snu, seier ho.