- Eg er i sjokk. Dette har eg aldri i mitt liv sett før. Vi oslofolk har så mykje å lære av dykk, seier Dilani Vamapahan frå Schibsted forlag. Ein uttale som fører til spontan applaus og godlynt latter frå salen.

Hyllest til kvinnene

Det er lanseringsfest for boka "Det store kakebordet" på Adolfbuda i Gjerdsvika. Forfattar Hege Norman-Stormbringer og fotograf Anna-Ma Olsson hadde ikkje trengt å ofre ein einaste engsteleg tanke på at nokre av dei 86 stolane skulle stå tomme. Her er det så stor rift om plassane, at ein må trekkje inn magen og gi plass til ekstra stolar. Eit overblikk over rommet tilseier i alle fall rundt 150 mennesker.

- Det er veldig hyggeleg at så mange kunne kome. Vi kunne ikkje ha gjort dette utan dykk, seier forfattaren. Ho kikar gledesstrålande på alle dei oppmøtte, og rettar ei særskilt takk til alle kvinnene som har delt sine kakeoppskrifter og gjort det muleg å gi ut bok. Dei 42 oppskriftene i boka kjem frå fleire kantar av landet, men hovudtyngda er henta fram frå skuffene til dyktige hobbybakarar frå Kvamsøy, Gjerdsvika, Gursken, Ulsteinvik og Fosnavåg.

-Det har vore ei lang reise, der vi har smakt og bakt oss gjennom mange oppskrifter; oppskrifter som vi ønskjer å ta vare på før dei forsvinn, seier Norman-Stormbringer. Ho verkar rørt av tanken på alle dei kakene som er bakt med kjærlege hender og raust med smør og sukker, basert på ingrediensar og gode råd sirleg nedskrivne i mors og bestemors oppskriftsbøker.

- Og det er så mange fleire vi kunne ha tatt med. Men eg held fram med å samle. Kan hende vert det ein oppfølgjar, seier forfattaren til Sunnmørsposten etter opningstalen. Forfattar og fotograf kan glede seg over at førsteopplaget allereie er utselt.

Stor appetitt på kaker

-Det er ei fin bok, med mange flotte bilete å sjå på og greie oppskrifter å lese. Det er konfirmasjon om ei veke; kanskje finn eg ei kakeoppskrift i boka eg kan prøve ut, seier Ellinor Pettersen frå Gjerdsvika. Ho lærte seg tidleg å bake og lage mat som ungjente. Pettersen tykkjer det er eit flott arrangement, og ikkje minst gler ho seg over den gode oppslutninga. At det er så trongt om plassen er ikkje kvardagskost.

- Men det har kanskje noko å gjere med at dei byr på gratis kaker og kaffi, legg ho til med eit lurt smil.

Les meir i papirutgåva måndag 27. april