I heile landet var det måndag ettermiddag oppretta 15 facebook-grupper med namnet strandryddedag eller strandrydding. Seks av desse er på Sunnmøre, fire på ytre søre. I tillegg har Skredestranda i Nordfjord meldt seg på.

– Det er plass til ganske mykje i lasterommet på kajakkane, seier Mildrid Flø i Herøy kajakklubb.

Kajakklubben bruker kystlinja mykje og vil gjerne også ha reine strender, og 9. mai arrangerer dei klubbtur der dei skal rydde i fjøra. Mildfrid Flø legg til at dei enno ikkje er bestemt kvar dei skal rydde.

Også på Moltustranda har dei oppretta facebookgruppe for strandryddedagen 9. mai.

– Vi tenner bål for å grille om nokon vil det, opplyser dei. – Velkomen skal du vere om du ryddar litt eller mykje, skriv dei og legg til at oppmøtet er utanfor Coop Moltu.

Slik leverer du gratis

Ved SSR (Søre Sunnmøre Reinhaldsverk) er det muleg å hente sekkar og levere avfall i heile veke 19 og 20.

– De kan hente sekkar og registreringsskjema på servicetorget i kommunen, eller på ein av SSR sine miljøstasjonar på Eggesbønes, Larsnes eller i Saunesmarka, opplyser Osnes i SSR.

– Og de kan levere det innsamla avfallet vederlagsfritt på ein av SSR sine miljøstasjonar i opningstida dersom registreringsskjema er fylt ut. Vi oppmodar om å sortere ut resirkulerbart materiale som plastemballasje, papp, metall og liknande når de kjem til miljøstasjonane for levering. Farleg avfall skal leverast som spesialavfall på miljøstasjonane, opplyser Osnes vidare.

Millionar av tonn

Strandryddedagen er eit internasjonalt miljøarrangement. I fjor vart det rydda 321 kilometer kyst i Norge. Målet i år er 500 kilometer, og at 20.000 er i sving, opplyser Hold Norge Rent.

Plast, eingongsgrillar, tauverk, dekk og flasker øydelegg både kysten og havbotnen. Millionar av sjødyr, fisk og fuglar døyr årleg av at dei set seg fast, kuttar seg opp eller et søppelet. Ifølge Verdas naturfond (WWF) hamnar rundt 6,4 millonar tonn søppel i havet kvart år på verdsbasis.

– Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Finn fram kvardagshelten i deg, det nyttar! oppmodar kommunikasjonsansvarleg i SSR, Linn Urke Osnes.

– Mykje, mykje, mykje søppel

– Dette er ein fin måte å bruke dagen på i fjøra, seier ho. Sjølv bur ho på Skeide i Ulstein. – Der er det mykje, mykje, mykje søppel. Veldig mykje plastikk. Så der vil eg rydde saman med min familie og med naboar.

– Og send gjerne bilde frå ryddeaksjonane til linn@reinhaldsverket.no, legg ho til.

Send gjerne også bilde til Sunnmørsposten eller Herøynytt.Epost: internett@smp.no eller redaksjon@heroynytt.noInstagram: #smpno eller #herøynytt

Følg Herøynytt på Facebook

Les også: Endte opp med å rydde heile fjøra (smp.no)