Kvar vegen heimover vidare frå India går, var måndag ikkje klart.

– Flyet går frå Katmandu tysdag morgon klokka 07.00, fortel mor Kari Ryslett som sit heime i Melsbygda i Ørsta og er både glad og letta over den utviklinga saka har teke.

Ho er likevel budd på at det kan gå ei tid før dottera er trygt heime i Ørsta.

Til smp.no fortel Kari Ryslett at dottera skal reise saman med to studievenninner, ei frå USA og ei frå England, den første etappen til New Delhi.

– Men om alt klaffar, slik at ho kjem seg ut av Nepal tysdag, står att å sjå, seier Kari Ryslett som måndag fekk snakke med dottera etter at ho hadde fått lada mobiltelefonen sin.

Har ikkje lide nød

– Karoline var inne i husværet der ho budde for å hente med seg ting ho skal ha med heim. Der var ein fullt opplanda pc som ho brukte til å få lada mobiltelefonen sin, fortel Kari Ryslett.

Karoline har kome frå jordskjelvet utan ei skramme.

– Ho har ikkje lide nød, har fått både mat og drikke og har heldigvis både boblejakke, eit teppe og ein presenning til å dekkje seg til med om natta. Temperaturen i Nepal er som ein kjølig norsk sommar, fortel mor Kari Ryslett.

Gjorde alt korrekt

Ifølgje Kari Ryslett gjorde dottera alt korrekt då jordskjelvet kom.

Karoline hadde fri og var på eit arrangement. Då det byrja å skjelve, kom ho seg ut under open himmel.

– Men Karoline har også hatt flaks, legg Kari Ryslett til.På spørsmål om ho har vore redd, vedgår Kari Ryslett at det var ho ei stund laurdag.

– Eg fekk først ein sms frå Karoline om at det hadde vore jordskjelv i Nepal. Det gjekk fleire timar før eg skjøna omfanget, og då vart eg redd, fortel ho.

Gler seg

No gler Kari Ryslett seg til dottera kjem heim. Kor lang tid det går, vågar ho ikkje spekulere på.

– No reknar eg med at det ordnar seg med heimreise. Karoline fortel at det både landar og tek av fly, men der er kaotiske tilstandar i Nepal etter den kraftige jordskjelvet. Eg er derfor budd på at det kan verte ei lang heimreise for Karoline, seier Kari Ryslett som nøye har tenkt ut kva som skal stå på menyen den dagen dottera kjem heim.

Fiskebollar

– Når Karoline kjem heim, skal det serverast fiskebollar til middag. Det er favorittretten hennar. Sidan skal det også diskast opp med brennsnut, seier Kari Ryslett som underviser ved Høgskulen i Volda og har nettopp mat og kosthald som fagområde.