Sola skin frå skyfri himmel og det nybygde cruiseskipet «Britannia» er på sin første tur til Norge. I Olden er det eit yrande folkeliv. Bygda er vakna frå vinterdvalen.

– Dette er berre så flott, seier Amanda Kenyon som er med mellom dei reisande.

– Og så er det så frisk luft her, legg Danny Gazit til.

Avslappande

Paret er busett i London, og kontrasten til Olden er stor.

– Det er godt å reise på ein avslappande ferie, seier dei.

– Norge er rekna for å vere vakraste landet i verda, så vi måtte berre sjå det, seier Danny som er i Norge for første gong.

Amanda har vore på cruise ein gong før i Norge, men då gjekk turen lenger sør.

Heile familien

Sunnmørsposten møter også Ruth Price som har teke med heile familien for å feire 70-årsdagen sin. Resten av familien er reiste på utflukt med buss, og bestemor er igjen i Olden og har teke med barnebarna på spasertur.

– Det er veldig vakkert her, seier også ho fornøgd.

Maurice Hill er i Olden for andre gong.

– Eg var i Briksdalen i fjor, så no vil eg berre gå rundt her. Det er fint, og det er så frisk luft her, seier han.

330 meter

På kaia står representantar for Nordfjord Hamn og kan fortelje at det ikkje var noko problem å få den store båten inn til kai i den nokså smale bukta.

– Båten snudde i bukta her, og det var litt artig at han ikkje bakka seg inn, seier driftsleiar Sølve Oldeide.

«Britannia» er blant dei største skipa som har vore i Nordfjord nokon gong, med sine 330 meter. Men Oldeide opplyser at  «Queen Mary» har rekorden, med sine 343 meter. «Britannia» er størst målt i talet på passasjerar, men «Independence» er størst målt i bruttotonn.

Skipet er heilt nytt, og er på sin første tur til Norge. Men det vil bli eit fast innslag i fjordane denne sommaren. Ytterlegare fire turar til Olden er planlagd.