Sauebonde Geir Eggesbø på Helland har valt å ikkje gå vidare med saka, etter at ein hund i april gjekk til angrep på sauene hans.

– Eigaren har forklart at hunden gjekk i band, men at den kom seg laus – og stakk. Han har sagt seg villig til å betale for tapa eg har hatt og eg ser på hendinga som eit uhell, fortel bonden.

Les også: Hund skal ha drepe lamLes også: - Han berga søya ved å varsle så raskt

Ifølgje lensmann Øyvind Verpeide har også politiet, med bakgrunn i dette, lagt bort saka. Ei drektig søye skal ha fått bittskadar som følgje av hundeangrepet, og i tillegg vart to lam funne døde.

Eggesbø har tidlegare gitt uttrykk for at han ser det som nærliggande å tru at lamma vart drepne av hunden. Når det gjeld søya er bonden overhodet ikkje i tvil:

– Denne vart berga av ein snarrådig nabo som såg hunden kome og meldte frå, sa han kort tid etter hendinga.