- Det er bra at folk står i kø for å bli lærarar, seier dekan Arne Myklebust som er dekan ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Men det er likevel fortvilande at skulen ikkje klarer å gi plass til alle, når ein veit at det er stor mangel på kvalifiserte lærarar. I Møre og Romsdal manglar ein av fire lærarar i vidaregåande skule formell pedagogisk kompetanse.

Stipend frå staten

Regjeringa har løyvd 50 millionar kroner over statsbudsjettet for at fleire skal få pedagogisk utdanning. Høgskulen venta at noko av dette ville kome skulane til gode, men alt blir brukt til stipendstøtte til folk som jobbar utan pedagogisk utdanning, slik at dei skal kunne kvalifisere seg.

- Stipendstøtta kan ha noko med den store søknaden å gjere. Og det er positivt at folk vil kvalifisere seg for å jobbe i skulen, når ein ser kor mange som manglar godkjend utdanning, seier Myklebust som likevel hadde sett at noko av løyvinga frå staten gjekk til høgskulane, slik at dei kunne vere i stand til å tilby utdanninga til fleire.

Samfunnsoppdrag

Høgskulen har ikkje oversikt over søkjarmassen enno, men dei veit at halvparten av søkjarane kjem frå Møre og Romsdal. Mange av dei jobbar allereie i skulen.

- De har eit luksusproblem?

- Ja, men vi har eit samfunnsoppdrag og skal skaffe kvalifiserte lærarar til regionen, så det er også frustrerande at vi ikkje er i stand til å utdanne fleire, seier Myklebust.

Ifølgje nettsida til høgskulen jobba i fjor 340 lærarar i vidaregåande skular i Møre og Romsdal, utan å ha praktisk pedagogisk utdanning. Dette er om lag ein fjerdepart av lærarane. På landsplan er talet 10.000 lærarar.

Flaskehalsar

Kapasitetsproblema gjeld Praktisk pedagogisk utdanning, PPU. Dei andre lærarutdanningane ved høgskulen har ikkje liknande problem, og Myklebust hadde sett at søknaden var litt meir jamnare fordelt.

PPU er ei dyr utdanning som er underfinansiert frå staten, ifølgje Myklebust. Studentane har frå før utdanna seg innan ulike fag, og nokre av dei er små undervisningsfag. I fagdidaktikk må studentane difor delast inn i små grupper. Det er også dyr praksis.

- På PPU taper vi meir pengar til fleire studentar vi tek opp, og dette er ein flaskehals for auka kapasitet, seier Myklebust.

Manglar praksisplassar

Den andre flaskehalsen er tilgangen på praksisplassar. Her er høgskulen i dialog med Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Vi har felles interesse for å få utdanna lærarar, og vi er i dialog med fylkeskommunen om økonomi og tilgang på praksisplassar, seier Myklebust.

Spesielt kan det vere vanskeleg å skaffe praksis til studentar med få fag. Då er det lettare å finne plass til dei som skal undervise i større skulefag.

Ein del av dei som ikkje får plass, blir råda til å ta eitt skulefag til, for å kome inn på PPU neste år.