– Eg har sunge heile livet, men det var ikkje før kontaktlæraren min lærte meg å spele gitar til ei framsyning at eg gjekk ordentleg inn for musikken, seier Therese. Dette er no tre år og mange sjølvskrivne songar sidan.

– Eg har skrive mange songar, men mange er også halvferdige.

Inspirasjonen finn ho mest i kvardagen, gjerne i klasserommet eller når ho er på tur.

– Av og til finn eg ein akkord og så ein tekst, andre gongar prøvar eg å lage ein song av eit ord.

Workshop

Therese er aktiv innan kulturlivet i Sula, og har delteke på Ungdommens Kulturmønstring fleire gongar. Ho går på kulturskulen og syng ofte på «open scene» som arrangerast ein gong i månaden, og har sunge både på Langevågsdagane, 17. mai og større konsertar med kulturskulen.

På Scena i dag syng ho «Pompeii» av Bastille, «Stronger» av Kelly Clarkson og ein eigenskriven song ikkje er døyp heilt enno.

– Ordet «war» poppa opp å hovudet mitt då eg laga den. Songen handlar ikkje om bombing, men eg laga ein song ut av det ordet, forklarar Therese.

Låten var til under ein workshop i regi av Sula kommune, der Robert Post og Lena Nymark haldt låtskrivarkurs.

– Det var ei veldig fin oppleving. Vi lærte både litt piano og gitar, og korleis vi skal bygge opp ein songtekst, fortel Therese.

Draumen

Det den unge låtskrivaren og songaren aller helst vil er å bli oppdaga og få reise rundt i Norge med musikken sin.

– For meg har musikk vore som ein slags terapi. Den har hjelpt meg når eg både har vore stressa og glad. Eg håper den musikken eg lagar kan hjelpe andre på same måte, seier Therese.

Likevel vil ho ikkje ta for gitt at draumen blir sann.

– Eg ønska å leve av musikken, men om det ikkje går skal eg ha ei utdanning å lene meg på, seier 14-åringen.

Kva det blir, er ho ikkje sikker på enno, men ho har jo god tid til å bestemme seg.

Sjå fleire konserter fra Scena

Therese Fylling frå Langevåg er dagens artist på Scena. Foto: Nils Harald Ånstad