Då fridomstoget gjennom Bondalen kom til Aklestad stod Anna Hanken Aklestad klar med det norske flagget.

- Dette er eit fint tiltak. Det er vel ikkje så mange att som hugsar fredsdagane, seier ho.

Anna var 17 år i 1945. Men ho voks i Ålesund, og difor ikkje del i fredstoget gjennom Bondalen for 70 år sidan.

- Eg har ikkje bein til å gå i toget i dag, men er har tenkt med på gudstenesta etterpå, seier Hanken Aklestad.

Gjenskaping

Toget gjennom Bondalen i ettermiddag er ei gjenskaping av det som skjedde for 70 år sidan.

"Det er den største dagen som har vore på Sæbø, noterte Jørgen Hustadnes i si dagbok 8.mai 1945. Feiringa byrja alt kvelden før. Då det vart meldt på BBC at Tyskland hadde kapitulert samla folk seg til ein spontan mars gjennom Bondalen.

Hustadnes var med i Hornmusikken. Han fortel i dagboka si at dei spelte og marsjerte til det var så mørkt at dei ikkje såg notane.

Fredag - på den formelle 70 årsdagen for freden - var det klart for ein reprise, i regi av Trimgruppa i Sæbø IL og Hjørundfjorden sokneråd. Starten gjekk frå garden Tvergrov øvst i dalen.

- Det er viktig å delta, for det er mange som har godt av å bli minnt på kva denne dagen står for, seier Helge Nordang, som gjekk i toget heile vegen.

For 70 år sidan samla toget stadig fleire folk nedover dalen. Etterpå var det gudsteneste, på same måte som 8.mai 1945. For 70 år sidan gjorde fridomstalen til pastor Henry Slåtten stort inntrykk på ei fullsett kyrkje. Fredag kveld vart talen tatt fram att av dagens Hjørundfjord-prest.