– Dette var ubeskriveleg artig, og så enkel å køyre. Heilt stille, gjekk den også. Dette er nok framtida, og eg skulle ønskje at det også kom elektriske bussar hit til Geiranger, seier hotellveteranen.

I sommar er doningane til utleige for turistar og andre besøkande til Geiranger.

Rekkevidde på 85 km

Det er selskapet Emobility Geiranger som står bak nysatsinga, inspirert av Grøn Fjord-prosjektet. Dei har leasa 11 elbilar av merket Renault Twizy, med plass til to personar.

Køyretya har ein rekkevidde på 85 kilometer før ny lading – og reklamerer med ei toppfart på 85 km/t.

Men så fort er det nok ingen stader i Geiranger at du kan køyre, heldigvis.

– Køyretya er utstyrte med GPS-guiding på norsk, engelsk og tysk, og vi satsar på å leige dei ut til turistar som kjem til bygda, seier Tomas Bakken, dagleg leiar i Emobility Geiranger.

Må doble talet neste år

Dette blir eit prøveår, men han trur dei allerede neste år må doble talet på køyrety om dei skal inn på cruisemarknaden. Anders Gadsbøll, adm.dir, for Renault i Norge, var også på plass i Geiranger måndag:

– Dette er ein heilt unik bil. Men førebels er salet ikkje så stort her i Norge, berre 170 køyrety så langt. Men nedover i Europa er den blitt populær i storbyar som Paris, Barcelona og Berlin, legger Gadsbøll til.

– Geiranger har behov for å tenke miljøvennleg, og då er denne bilen ein innertiar, meiner Raunault-sjefen.

Karl Mjelva ved rattet, og med næringssjef Inge Bjørdal frå Stranda kommune i baksetet. Foto: Terje Engås
Det er selskapet Emobility Geiranger som står bak nysatsinga, inspirert av Grøn Fjord-prosjektet. Dei har leasa 11 elbilar av merket Renault Twizy, med plass til to personar. Foto: Terje Engås