Inntil vidare blir vegen nattestengt frå klokka 22 til 08.

Det har vore mykje snø over Geirangerfjellet i år, men opningstidspunktet er normalt samanlikna med tidlegare år. Stavbrekkfonna har gått, og vegen er no trygg.

- I år har vi ein ny entreprenør som har prøvd ut ein ny metode for brøyting. I staden for beltegåande fres har Veidekke brukt gravemaskin, som har fungert bra, fortel seksjonsleiar Ole Jan Tønnesen.

Trollstigen

Fylkesveg 63 Trollstigen bom - Slettvikane bom er venta opna onsdag klokka 09.

- I Trollstigen har det vore normale mengder med snø. Tidlegare har isnedfall vore eit problem, men det har ikkje vore tilfellet i år, opplyser Vegvesenet.

Video: Halgeir Dahle / Statens vegvesen

Sjå oppdaterte trafikkmeldingar for Møre og Romsdal (Vegvesen.no)