Island Offshore har med bakgrunn i marknadssituasjonen bestemt at plattformsupplyskipet "Island Dawn" blir lagt i opplag med umiddelbar verknad.

Det melder reiarlaget i ei pressemelding. Også Island Offshore la eit nytt fartøy i opplag torsdag.

Les også: Her går Island Constructor ut av opplagBakgrunn: Nye skip i opplag

Tungt val

Skipet er det tredje Island Offshore-fartøyet i opplag. Frå før er søsterskipa "Island Duke" og "Island Duchess" lagt i bøya.

- Det er eit tungt val å ta å måtte legge nok ein båt i opplag, men med dagens rater  forsvarar det seg ikkje å halde båten i operasjon. Vi håper å permittere eit begrensa antal i reiarlaget, og prøver i det lengste å unngå oppseiingar ved å flytte dei tilsette over på andre fartøy, seier administrerande direktør Håvard Ulstein.

Les også: Farstad sier opp 35 ansatteLes også: - Vi vil sende et signal

Spotmarknaden

Island Dawn har etter levering i januar i fjor operert i spotmarknaden, og vert no henta tilbake til Ulsteinvik på ubestemt tid.

Reiarlaget er i dialog med dei tillitsvalde i denne prosessen.

Nettstaden maritime.no har ei oversikt over alle offshorefartøy som nå er i opplag (ekstern lenke).