11. mai gjekk det eit 60 meter langt nedanfor FV 63 ved Ørnesvingen mellom Geiranger og Eidsdal. Vegvesenets geolog undersøkte raset onsdag 13. mai, og det blei gjennomført grunnboring måndag og tysdag denne veka, opplyser Statens vegvesen.

– Resultata frå undersøkinga viser at det er opp til 2,5 meter ned til fast fjell og at det kan vere fare for større skader, heiter det i pressemeldinga.

Eitt køyrefelt sperra

Statens vegvesen har derfor sperra av halve vegen og leder trafikken via eit køyrefelt på ein strekning på ca. 35m. Denne løysinga med eit køyrefelt vil fortsette til oktober.

– Vi ventar til etter turistsesongen med å utbetre vegen fordi utberinga krev at vi stenger store deler av vegen, seier Odd Einar Hjellen, prosjektleiar for drift Sunnmøre.

Det blir sett opp midlertidig rekkverk og Vegvesenet setter inn manuell trafikkdirigering om nødvendig.

– Trafikantane kan oppleve kø, og det kan bli spesielt utfordrande for bussar. Vi oppfordrar derfor trafikantane til å vise omsyn, seier Hjellen.

Eit større område med grunnmasse har rasa ut under FV63 ved Ørnesvingen. Foto: Statens vvegvesen