Krigen i Syria og dødsfalla i Middelhavet har ført til eit fleirtal på Stortinget for å ta imot ekstra flyktningar frå Syria, og statsråd Solveig Horne har bedt kommunane vurdere om dette er realistisk.

Les også: Partene i Syria-forhandlingene på Stortinget møttes igjenLes også: Halvparten av folket vil ha 10.000 Syria-flyktninger

Haram seier ja til ein landsomfattande dugnad om å ta imot fleire flyktningar. Men vilkåret er meir tilskot frå staten til busetjing og integrering.

– Dersom dei økonomiske verkemidlane vert styrkte, vil kommunen vere positiv til å kunne auke mottaket av flyktningar i 2016, seier Haram formannskap i svaret på oppmodinga frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Byggje nytt?

Om kort tid får Haram ein familie på åtte flyktningar frå Syria. Alle går inn i den årskvoten på 22 flyktningar som kommunestyret har vedteke. Derimot er det slik at fire medlemmer som ein flyktning har fått inn på familiegjenforeining, kjem i tillegg til dei 22 årsflyktningane. Alle kjem inn under reglane for det statlege tilskotet per flyktningar.

– Vi fekk rundt 12 millionar kroner i tilskot for 2014. Av dette gjekk 7,7 millionar til flyktningtenesta. Rundt fem millionar vart fordelt over budsjetta til barnehage, skule, helseteneste og andre kommunale tenester.

Ho seier det ikkje er lett å talfeste kor mykje kommunen eventuelt må bruke ut over det statlege tilskotet på 746.200 kroner per flyktning i 2015. Tilhøve som spelar inn er om flyktningen kjem i arbeid i løpet av dei to første av fem år som staten betalar for.

– Men enkelte kjem ikkje i arbeid og vert gåande på sosialhjelp, som kan bli dyrt. I tillegg kjem familiegjenforeining og fødslar som kan auke talet på dei som kjem inn under ulike kommunale budsjettpostar, seier Waage Doran.

Einingssjefen opplyser at Haram har spesielt stort press på skulane. Det skuldast blant anna at kommunen har stor arbeidsinnvandring av familiar med born som heller ikkje kan norsk.

Ho opplyser at Haram manglar bustader. Det kan difor bli aktuelt å ta i bruk nedlagde sjuke- og pleieheimar til bustader, også utanfor kommunesenteret Brattvåg. Det kan vere problematisk å busetje mange med traumatisk bakgrunn så tett på kvarandre, meiner ho, og i tillegg kjem behovet for transport.

Det er aktuelt å byggje heilt nye bustader.

– Kommunale bustader er tiltenkt vanskelegstilte på ulike område som flyktning, rus, psykiatri og funksjonshemma. Slike bustader er mangelvare og stor etterspurnad etter. Dersom Haram kommune skal auke talet på flyktningar som vi tek imot, må ulike bualternativ vurderast, seier ho.

Ulstein kommune

Ifølgje ordførar Jan Berset (H) i Ulstein er det mykje som tyder på at kommunen vil ta i mot og busetje fleire flyktningar etter oppmodinga.

– Men vi treng tid, seier Berset.

Ordføraren meiner at det må på plass eit skikkeleg apparat før Ulstein kan ta imot fleire flyktningar.

– Har vi det, seier vi ja. Vi har derfor sendt eit brev til departementet og søkt om utsetjing, så kan vi handsame ein del praktiske og økonomiske konsekvensar, og kor mange vi kan ta imot. Vi skal vedta saka i formannskapet 9. juni og i kommunestyret 18. juni.

Det faste vedtaket i Ulstein er 22 flyktningar kvart år pluss familiegjenforeiningar. Berset tør ikkje svare på kor mange det blir.

– Det må kommunestyret bestemme, seier han, og forventar at nasjonale myndigheiter vil lage gode rammevilkår når dei snakkar om ein nasjonal dugnad.

Berset har registrert at Ålesund er flinkare på integreringsarbeid enn det Ulstein har vore.

– Så no jobbar vi saman for å bli like gode. Ålesund har fått gode system, så då er det ikkje nødvendig at alle saman finn opp krutet. Så av og til kan det vere greitt å vende seg mot Ålesund, seier ordføraren.

Sande kommune

Formannskapet i Sande kommune tilrår å ta imot inntil 10 flyktningar i 2015. Ein føresetnad er at kommunen greier å skaffe bustader.

– Kan inntil 10 bli frå 0-10, ordførar Dag Vaagen (H)?

– Vi meiner at det er realistisk at vi kan greie å ta imot 10 personar, seier ordføraren, og legg til at Horne skisserte rundt 14.

Han fortel at det er stor bustadmangel per no i kommunen, men seier Sande er innstilt på å vere med på den nasjonale dugnaden for å lette situasjonen i Syria og ved Middelhavet.

– Dei kommunale husa er utleigde og det er heller ikkje mykje ledig på den private marknaden. Men vi skal få det til på eit vis, seier Vaagen.

Saka skal også opp i kommunestyret.

Herøy kommune

– Vi har fått ei tilråding frå formannskapet om å ta imot dobbelt så mykje som no. Vi har teke i mot ti flyktningar sidan 2009. Dei neste to åra vil vi altså ta i mot 20, fortel ordførar Arnulf Goksøyr (H).

Herøy kommune har hatt få utleigebustader i fleire år. Mykje innleigd arbeidskraft gjer at det ikkje er mykje ledig, fortel Goksøyr.

– Det er den største utfordringa vår. Vi må kunne ta i mot eit tal som vi kan integrere i lokalsamfunnet, seier han.

Statsråd Horne og departementet ba Herøy kommune om å ta i mot 88 flyktningar i 2015 og 2016. Om kommunen seier ja til å ta i mot 10 ekstra flyktningar i 2015 og 13 flyktningar i 2016, vil kommunen ta imot 43 flyktningar, altså 45 færre enn det statsråden ba om.

Goksøyr meiner det er ei håplaus tilnærming at Stortinget skal bestemme eit tal.

– Då må dei lytte til grasrota. Det er vi i kommunane som skal integrere flyktningane på ein verdig måte. Eg håper vi greier å ta i mot det vi har antyda, seier Goksøyr.

Kommunestyret i Herøy skal behandle saka 28. mai.