Med støtte frå Innovasjon Norge er Nina Viddal i gang med å avklare om det er mogleg å realisere ideen om «fjordbobler», som inntil vidare er arbeidstittelen på vinen frå Viddal.

  • Les reportasje i Sunnmørsposten laurdag

– Det kan gå på tryne og vise seg å vere noko som ikkje let seg gjennomføre, men eg trur eg skal få det til, seier Viddal og legg til at det er enno ein stor jobb som må gjerast.

Plantar neste år

Draumen er å dyrke druer og produsere musserande vin.

Første drueplantane skal plantast ut neste vår. Då vil det bli planta litt ulike typar druer, for å sjå kva som toler klimaet best.

I 2020 fyller Nina 50 og draumen er at ho då kan feire med eigenproduserte, boblande, edle dropar.

– Eg har veldig god tru, men må jobbe knallhardt for å få det på plass, seier ho.

Les også:Kjøper vingårder i ItaliaÅlesund satsar på vingard i England

Er ein marknad

Då Egge gård i Lier lanserte sin musserande vin av druer, blei flaskene rivne vekk på to timar.

– Det viser at det er ein marknad og at det er mogleg å få til noko slikt i Norge. Viddal er ikkje Drammen, men Viddal er kjent for gode vekstforhold, seier Nina Viddal og viser til at våren alltid kjem først på gardane der.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook