Så langt har ein kalla enkel og u-fancy fotball for gampefotball. Etter å ha sett Mette Garnes sine amatøropptak av ein fotballspelande hjort, lurer vi på om det kanskje kan bli heitande hjortefotball for ettertida?

Opptaka er gjort heime i hagen til Garnes, som bur på Ospeneset i Fosnavåg, måndag kveld.

- Hjorten leika med ein fotball over lengre tid. Tvilar på dette er noko folk ser kvar dag, skriv Garnes til Smp.no.

Sjå og døm sjølv?

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook