Rundballar langs vegkantane kan vere trafikkfarlege. Åtvaringa kjem frå Statens vegvesen.

I eit rundskriv til kommunane skriv vegvesenet at rundballar som vert lagra tett opp til offentleg veg kan bety ein betydeleg trafikkfare ved ei utforkøyring.– Det å køyre inn i rundballar i 80 km/t er som på køyre inn i bergveggen, skriv seksjonssjef Lisbeth Smørholm i vegvesenet. Vidare blir det peika på at rundballar trekker til seg hjortevilt som aukar sjansen for viltpåkøyrslar.

Vegvesenet vil ikkje nekte bøndene å lagre rundballar nær vegane, men ber dei altså vurdere om dei kan vere til fare. Dersom Statens vegvesen kjem over rundballar dei meiner er trafikkfarlege, kan dei pålegge bonden å fjerne dei. Eller vegvesenet gjer jobben sjølv, og sender rekninga til bonden.