Det er berre tre større ferjeselskap igjen, Fjord1, Norled og Torghatten. Fjord1 og Norled har også snakka om å fusjonere. Fylkeskommunane er blitt for små til å forhandle med ferjereiarlaga, meiner maritim politisk talsmann i Høgre, Ove Trellevik.

Staten vil også kunne tvinge igjennom eit grønt skifte i ferjeflåten, meiner han.

– Hadde Staten hatt dette ansvaret, kunne ein i dårlege tider nytta innkjøpsmakta til å vere innovasjonsdrivar for å ta i bruk ny maritim teknologi, skriv Trellevik i eit skriftleg spørsmål til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Dette vil få opp standarden på ferjene, og samtidig gje arbeid til den maritime næringa.

– På den måten kan vi styrke den maritime næringa til å ligge først i den teknologiske utviklinga. I tillegg vil det gje positiv effekt på den maritime landsindustrien når den maritime næringa seglar i motvind, skriv Trellevik i brevet til Solvik-Olsen.

Bakgrunn: KrF: – Staten må ta grep slik at vi kan fornye ferjeflåtenVatne: - Fylkesferjene blir nedprioritert av staten

Meir pengar?

Oddbjørn Vatne i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal seier dette berre vil fungere dersom staten stiller med meir pengar.

– Eg trur ikkje det er så mykje meir å presse ut av ferjeselskapa på anbod. Det er staten som må ta den belastninga, seier Vatne til Smp.no.

Han trur eit statleg ferjeselskap, gjerne med privat kapital inni, kunne fungere.

– Kanskje staten burde danne ein slags pool og byggje ferjer, og lyse ut drifta av ferjene, seier Vatne.

Statleg selskap?

Dette er Ove Trellevik ganske einig i.

– Staten kunne administrere ferjene. Då vil ferjene også lettare kunne brukast på dei strekningane dei passar best, seier maritim politisk talsmann i Høgre, Ove Trellevik.

Ved å investere i nye ferjer vil også driftskostnadene uansett gå ned.

Turbulent offshore

At Høgre kjem med dette utspelet gir håp til Terje Høybakk, dagleg leiar av Mafoss.

– Norsk næringsliv treng å få nye typar fartøy. Ferjer kan vere ein stad ein kan byrje, seier Høybakk. – Slik situasjonen har utvikla seg i ferjefylka med akselererande anbodskostnader og for små overføringar frå staten, er nok dette beste løysinga. Staten må ta ansvaret, og gjere det fort, seier Høybakk.

Inviterer

– Men er det realisme i forslaget?

– Solvik-Olsen har jo sjølv invitert til debatt om framtida til fylkesvegane. Då er ferjestrekningane ein naturleg del av det. Slik sett er det grunnlag for å diskutere dette, seier Ove Trellevik (H).