«Nora sin krigsinnsats har blitt gløymd» skreiv Sunnmørsposten 29. april. Ho var frivillig sjukepleiar i Romsdalen under felttoget i 1940, men har ikkje fått noka offentleg merksemd for innsatsen.

Men no har både Heimevernet og Volda kommune tatt affære. Så Nora Kiperberg skal få ikkje berre ein, men to, medaljar.

Les også: Nora (103) sin krigsinnsats har blitt gløymd

Det gjeld både deltakarmedaljen, som Heimevernet skal overrekke, og minnemedaljen som Volda kommune skal dele ut. Etter det Sunnmørsposten kjenner til er det lagt opp til ei markering i neste veke, med både ordførar og framståande representantar for HV 11 til stades.