Eit samrøystes fylkesutval går inn for ei ekstra ferje på sambandet Hareid - Sulesund.

- No blir det ei tredje ferje, men ikkje frå 1. august - det vart vi for seine til, men frå 24. august, seier fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V), etter møtet, onsdag.

Les også: Høgre: Staten må ta over ferjene

Kostnadsramma for ferja er 14,6 millionar kroner, og midlar blir henta frå disposisjonsfond, ifølgje varaordføraren.

- Er det noko som helst som kan velte dette no?

- Nei. No står det berre att sluttforhandlingar med Norled. Dette blir - og godt er dét, seier Gjerde, som er mellom dei som fleire gongar har peika på at kapasiteten på sambandet har vore for dårleg.

Les også: Meir frustrasjon på Hareid-Sulesund

- Det å få på plass denne ferja er utruleg viktig. Tredjeferja vil ha 12 tur/returar - frå tidleg om morgonen og til ut på ettermiddagen. Kapasiteten auKar - og ventetida blir kortare. Særleg viktig for arbeidspendlinga, men også for transportnæringa. Vi har signal om at fleire vel å køyre Kvivsvegen eller Festøya - Solavåg nettopp med bakgrunn i dette med kapasitet på sambandet, seier ho.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook