Utrykkingspolitiet hadde fleire fartskontrollar i Ørsta onsdag kveld.

Dei skreiv ut 21 forenkla førelegg for høg fart i 80-sona. Det melder Sunnmøre politidistrikt på Twitter.

I tillegg blei ein meldt for mobilbruk, to fekk gebyr for å køyre med piggdekk og ein fekk gebyr for køyring utan bilbelte.

Les også: Pågrep bilfører etter tips fra publikumLes også: Opp på bakhjulet - og vekk med lappen

63 kilometer i timen

I 50-sona var høgste målte hastigheit 63 kilometer i timen. Her fekk ti forenkla førelegg for høg fart.

Det blei skriven ut to førelegg for mobilbruk og ein fekk gebyr for manglande dokumentasjon.

Illustrasjonsfoto.