Torsdag morgon opna vegvesenet bommen for ferdigfrest veg til Tystigen. Dermed kunne Stryn sommerski ønske dei første og mest ihuga skientusiastane velkomne til eit sommarskisenter med rikelege snømengder, melder Fjordingen på sine nettsider.

– Vi har masse snø og fine forhold, så no satsar vi på storinnrykk til helga, seier Idar Aaboen til avisa.

Aaboen kjøpte det konkursråka sommarskisenteret i fjor. I eit samarbeid med fleire er det lagt ned mykje arbeid for å kunne opne anlegget no.

Ifølgje Aaboen er det meir snø enn dei siste to åra. Snøen skal vere kompakt under overflata, noko som gjer at sesongen kan vare ei stund.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook