På eit lite laboratorium i Ålesund brukar Richard Thorsen det meste av fritida si på å lage skjegg- og mustasjeprodukt. Produksjonen er i liten skala, men på få månader har kundar i fleire land fått auga opp for produkta.

– Eg klarer ikkje å produsere nok og må seie nei til fleire som vil kjøpe, fortel gründer Richard Thorsen (27) som står bak selskapet Angry Norwegian AS.

Dyrt

Ideen fekk han etter frisørbesøk i Ålesund. Han oppdaga at det berre var ein type voks til sals.

– Eg synest det var rart at det ikkje var meir. Og på nettet var produkta vanvitig dyre. Desse produkta lukta heller ikkje godt. Så begynte eg å studere ingrediensane og fann ut at dette kunne eg lage sjølv, fortel Thorsen.

Med 30.000 kroner i gründerstøtte frå hoppid.no og god hjelp frå hoppid.no-kontoret i Ålesund, klarte han å realisere ideen.

Han brukte også pengar av eiga lomme til kosmetikkonsulentar i København og til utprøving av ingrediensar. Produkta inneheld berre naturlege oljar og voks.

Australia

Salet starta i mars. Det meste av varene går til utlandet, og kundane kjem frå heile verda. I det siste har han selt ein god del til Australia og Canada. Han ser også ein stor marknad i Midt-Austen. Og han har selt litt til Israel.

– Det er ein stor marknad der ute, men det finst også mange små produsentar som lagar produkta sine heime på kjøkkenet. Eg ville ta det opp eit hakk og ikkje lage produkta på same plass som eg lagar lapskaus, fortel Thorsen som er oppteken av at produksjonen skal skje i eit sterilt miljø.

Han har også fått avtale med nokre fengsel rundt om i landet. Dei lagar varer han treng i skinn og tre, som til dømes oppbevaringsboksar.

Hobby

Gründeren har bak seg studiar både i biomarin innovasjon, eksportmarknadsføring og entreprenørskap. I dag jobbar han som marknadskonsulent i Folkeuniversitetet i Ålesund. Og han understrekar at Angry Norwegian er ein hobby.

– Når vil du kunne leve av dette?

– Det blir truleg aldri, med mindre eg får inn ein investor og får laga eit stort produksjonslokale, seier Thorsen.